Mitt lappeteppe,
det er samansatt av mange små bitar frå alle delar av livet.
Blir teppet lyst? Blir det mørkt? Er det i raude tonar, gult, melankolsk blått, i allefall ikkje svart.
Det kan ha bitar av grått, andre utvaska mønster og falma fargar.
Men det er desse bleike bitane som gjer at dei lyse og klare fargane blir endå meir skinande og glade!

Det er mitt lappverksliv.

mandag 22. februar 2010

Med pus i hus

Vi har 2 katter, mor og datter. Og sjølvsagt har dattra blitt sjefen.
Ho har og funne sjefsstolen, vinduskarmen.....


høgt opp på veggen.


Å er ikkje den aktuell,
er det symaskina som er passe plass for frøkena.
Mor, i bakgrunnen, har no akkurat slutta å la ungen få die.
Eit merkeleg par.
No snik friarane rundt hushjørna igjenn,
så vi får ta oss ein tur til dyrlegen å få fiksa på utstyret trur eg.

3 kommentarer:

  1. So herlege katta!
    Bra interiørrapportasje du hadde...*flirer*
    Sjåast i kveld!

    SvarSlett
  2. Den hylla oppme vindue e jo som bygd for katta :P

    SvarSlett
  3. Eg trur eg svimer av! Tenk om eg kunne hatt eit slikt arbeidsrom som du har!! Då skulle eg ha laga mykje rart då!! (ikkje mykje blonder, rysj og stysj der) ;)

    SvarSlett