Mitt lappeteppe,
det er samansatt av mange små bitar
frå alle delar av livet.
Blir teppet lyst? Blir det mørkt?
Er det i raude tonar, gult, melankolsk blått, i allefall ikkje svart.
Det kan ha bitar av grått, andre utvaska mønster og falma fargar.
Men det er desse bleike bitane som gjer at dei lyse og klare fargane
blir endå meir skinande og glade!
Det er mitt lappverksliv.

mandag 30. januar 2012

Strikkepinne etui

Slutt på tømmerstokkvase...
for den som har massepinner.


torsdag 26. januar 2012

Januarsøndag

 Petter Andreas vil prøve skia, og Oda Lovisa akebrettet.
Å det gjeng det,
sjølv om det meste av snøen på marka
er blåst vekk i stormkasta.

Tenk, Myra sit so lenge stilt
at eg får tatt eit bilde av ho!

Snikkaldt!

I allefall fornøgd.

Åsso MÅTTE eg ta bildet
akkurat d¨han datt!
TYPISK !!!

Etterpå blei det kanelsnurra som Jane
hadde baka før dei kom.
NESTEN VARME!



Petter Andreas stussa litt på detta at
kakaoen var
FJUSKEKAKAO

Å alle kosa seg!

tirsdag 24. januar 2012

onsdag 11. januar 2012

STALLBESØK Adventsminner 3

Alle i gruppa i barnehagen til Petter Andreas
kom på besøk til
STALL SKJELJAVIKA
22. desember.

Det er laga til langbord, og det skal bli servert
risengrynsgraut.

Her er Stine, Oda Lovise, Susann, Vilde
og Nisse Jenta.

Minni er klar til å ta imot alle ongane,
serlig dei som har lyst å sitje på rykken hennar!


I ein lang flokk kjem ongane traskande
heilt frå barnehagen ova Fjellbu.
No skal dei prøve å "SYNGE FRAM" fjøsnissen.

Sjå der ja!
Dei klarte det, fjøsnissen kom fram.
Sikkert noke han håper å få servert!??

Det er noko Nissen lurer på.
Han hadde selskap på vegen opp til Nordpolen.
Der han skal hjelpe nissen med å få delt utover julegaver.
Å så kom han ut for nokre vindkast i nordavinden
og blei kasta av her!

Her er reisefølget,
Nisse Jenta.
Ho har med ein stor pose med gamle hesteskor.
Det blir ein til kvar av ongane det!


Fjøs Nissen og Nisse Jenta

Så kjem det Nissen håpa på,
Han blir invitert på
GRAUT !




Trur Nisse Jenta  også er glad for litt graut.


MmmMMmmmmMMMMmmmm


Alle er mette og god,
og no skal Minni trø til.

Berre LITT til!


Kjempespennande og koseligt!


tirsdag 10. januar 2012

Adventsminner 2 JULEBAKST

Tok utfordringa frå Tove, og prøvde meg på
FATTIGMANN.
Dette er første gongen, og er stolt av meg sjølv
som fekk det til så pass.
Men vart skuffa over smaken.
Etter det "dei gamle" seier så er smaken rett,
og eg brukte då mors oppskrift!

På ein bruktbutikk fant eg dette instrumentet
som triller ut fattimenn!
Skal tru om eg kan finne eit som triller ut rike?
Kjøpte det for 50,-, å tenk så kom det no i bruk!

Her er knuten slått...

og dei koker friskt i smulten.

MmmmmMMM!



 Ettersom smultosen ligg i huset
tek og ei koke med
HJORTHORN


For å få vekk litt av osen let eg det brenne 3 lys
mens eg driv med steikjinga.
Og eg trur det hjalp godt.
Å sjølvsakt:
Eit PANNELOK ligg klart,
i alle tilfelle!



Desse blei gode gitt!
Den smulringepinnen kjøpte eg på ei messe.
Praktisk litten sak.

torsdag 5. januar 2012

Minner frå ei koseleg advendtstid

4. søndag i advendt, og vi ongane møtast
hoss Oda Lovise og Petter Andreas for
PEPPERKAKE BAKING


Tove stiller med DET anntrekket!
Stine er også stansmessig "sminka".

Vi andre må også "pyntast".
Oda Lovise viser oss korleis dette skal vere.

Petter Andreas hjelper også til.



Så er vi gong!

Tove tek rolla som sjefskjevlar :-D

Det er ikkje berre oss store ongane som skal fotografere!
Oda Lovise veit også kor ein skal bruke
mobiltelefonkameraet.


Full konsentrasjon!
Skal sei at det gjeng unna her.
Rekord tid i pepperkaketid: 2011!

Lurer på om Petter Andreas har ein plan!
Og Magnus vil lære

Å dette er?
LØVE !!!?

Før, under og etter!
Legg tilmerke det praktiske og flotte stativet
Torbjørn har laga for meg, som steikeplatene settes på.
KJEMPEPRAKTISK!

Kjevling, utstikking og steiking er ferdig,
så no er det tid for
MASSE
melisglasur, nonstopp, seigemenn og
anna pyntestrø.


Skal tru om alt kjem på kakene,
eller....


Ser ut til at Vilde er fornøgd.
Og det kan ho trygt vere,
kjempeflott!


MMMmmMmm!

Pink!

Nammmm!

Så, berre å vaske og rydde,
kakene er i boks!
Å kakene smakte fortreffelig!
Best var dei som var pynta med
MASSE
melisglasur.