Mitt lappeteppe,
det er samansatt av mange små bitar frå alle delar av livet.
Blir teppet lyst? Blir det mørkt? Er det i raude tonar, gult, melankolsk blått, i allefall ikkje svart.
Det kan ha bitar av grått, andre utvaska mønster og falma fargar.
Men det er desse bleike bitane som gjer at dei lyse og klare fargane blir endå meir skinande og glade!

Det er mitt lappverksliv.

fredag 5. mars 2010

Gleder meg alt til jul

Skogens konge og Bolla pinsvin har alt funne vegen til mitt kjøkken,
heilt frå Ikea i Trondheim.
Det er mine pepperkakefrender, Stine og Tove,
som var på jentetur,
og dei huska på meg og kjøpte meg desse kakeformene.
Du som om eg blei glad!
Eg var ørten gonger inne på websida til Ikea føre jul,
og sikla på desse formene.
Dette viste ikkje Stine og Tove.

Mikkelrev, Bamsebrakar, Bollapinsvin,
Ekkorn, Elguf og Herr Snigle
gleder seg også til jul!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar