Mitt lappeteppe,
det er samansatt av mange små bitar frå alle delar av livet.
Blir teppet lyst? Blir det mørkt? Er det i raude tonar, gult, melankolsk blått, i allefall ikkje svart.
Det kan ha bitar av grått, andre utvaska mønster og falma fargar.
Men det er desse bleike bitane som gjer at dei lyse og klare fargane blir endå meir skinande og glade!

Det er mitt lappverksliv.

onsdag 19. september 2012

Jentetur..... med ein liten tur innom Bjerke Dyrehospita

Imens stakkars Isak, altso ein hest,
er på Bjerke Dyrehospital og blir omgjort frå 
"mann" til "tante",
er damene på 
IKEA
å tømme lommebøkene!

 Ikea Slependen

 Vilja har vore heldig og vore i "leikeland" 
mens vi STORE damene har vandra 
mellom hyller og reolar!



 Så....
mens Marte Kristin og Randi plukker 
skuffeseksjoner, vaskeservanter, 
skap og anna nødvendig innreing.
Underheld Vilja med 
Tralledansen.
 
 Og når ho er utsleten etter dansen,
passer det bra med ein pause i 
Ikeas utstillingssofa.


 So er Randi og MK endeleg ferdige

 Vi har fått oss inlosjert på hytte på
Bogstad, og vi sig ned på stoler og 
 
 i senga. Sliten etter vel 6 timer på IKEA.

 Vilja har fått seg spøkelse.

 Marte og Randi, fordypa i digital teknologi.

Etter ein tur til Fredrikstad for å hente 
hestesko for Torbjørn
stikk vi endå ein tur på...

Ikea Slependen,
vi tek ein time på Ikea Furuset ogå dagen etter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar