"Innpå myra", eine jordet på her på garden, stend denne selja.
Den er ikkje stor men ganske gamal for selje å vere.
Ein dag eg gjekk forbi oppdaga eg at treet har ei fin form.
Og med litt stell, av han bror med motorsag, blei den retteleg flott.
No vil eg prøve å fylje ho igjennom året med kamera. Sjå om eg får til eit knallbilde!
Små gåsungar prøver å trengje seg ut til vårlyset.
Men stakara, dette må vere kalt til dei!
Stammen er dekt med mose og fantastisk flott lav.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar