I går, 9. desember,
fekk eg vere med Stine og Vilde på skulen på juleverkstad.
Å eg storkosa meg!
Stine laga filthjarter.
Her har ho limt saman to raude hjarter med tråd i mellom.
Pynta med eit lite hjarte og gullstjerne.
Tre hjarter fekk ho ferdig,
ikkje verst.
Fornøgd!
Etter pausen var eg saman med Vilde.
Ho laga lykter av glas, pynta med serviettar.
Ikkje heilt enkelt å kontrolere desse yrtynne serviettane,
tilklissa med lim.
Men Vilde har fått tildelt morfarens
tolmod og pirkevilje, sukk!
Ikkje verst ressultat.
Her blir det mange fint pynta bord til jul.
Dagen er over og mamma kjem innom for å sjå på ressultatet,
ho har vore ilag med Stine å laga perlepynt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar