Mitt lappeteppe,
det er samansatt av mange små bitar frå alle delar av livet.
Blir teppet lyst? Blir det mørkt? Er det i raude tonar, gult, melankolsk blått, i allefall ikkje svart.
Det kan ha bitar av grått, andre utvaska mønster og falma fargar.
Men det er desse bleike bitane som gjer at dei lyse og klare fargane blir endå meir skinande og glade!

Det er mitt lappverksliv.

lørdag 14. august 2010

Vilde 6 år

Dagen blir feira i fjøra,
ettersom dette var ein av dei få dagane med gover.
 Og FOR ein dag.
SOL  SOL  SOL

Alle er spente på kva som er i pakken?

ÅÅÅÅÅÅÅÅÅ
Øyredobba! Vilde som akkurat har fått høl i øyrene!

Men så må vi ha oss litt ventemat, pølser.

Tid for fisking. Og jentene får mange...
 tanglopper.

Dei største og minste i selskapet berre nyt dagen.

Dagens fangst må grundig sjekkast.
Meir blir det når det blir fjøre sjø.

Endeleg. I sekstida kjem leiren fram,
og eit nytt eventyr mellom tare og tang dukkar opp.

Oda Lovise driv med øy-hopping (sandbanke-hopping).

Med hov og spann finn dei mykje rart og spennande.



Så til slutt blir dagen avslutta med Marsmellowgrilling.
Det er som dagen sei takk for seg
og dreg skodda over sola.

1 kommentar:

  1. Nja, veit ikkje om eg har so mykje heklekunnskap å dele, men blomar kan eg:)

    Må berre legge til at den teksten din om lappeteppet er so vakker!! Slik er livet, og måtte dei fine lappane skine meir enn dei som er slitte:)

    SvarSlett