Mitt lappeteppe,
det er samansatt av mange små bitar frå alle delar av livet.
Blir teppet lyst? Blir det mørkt? Er det i raude tonar, gult, melankolsk blått, i allefall ikkje svart.
Det kan ha bitar av grått, andre utvaska mønster og falma fargar.
Men det er desse bleike bitane som gjer at dei lyse og klare fargane blir endå meir skinande og glade!

Det er mitt lappverksliv.

mandag 9. august 2010

STIKLESTAD viking- og middelaldermarked 2010

Etter eit todagers opphald på hytta til Randi og Per på Lesja...
takk for lån av senger, vaskemaskin og god mat,
drog vi vidare til Stiklestad.
No var Vilja bytta ut med Sindre, ikkje så domt kar å ha med på tur.

Sindre

Stor overgang mellom dei 500 vikingane på Gudvangen
og dei ca 70 som var her.
Dette gjorde det mykje lettare å bli kjendt med dei andre,
og vi blei meir samansveisa gruppe.

To av vårt nye bekjentskaper; Daniel og Peter.
Kjekke kara som lauga seg i rustvatten.
Å flira av den flotte nye frisyren til Sindre,
endå han blei SÅÅÅ søt!

Marte Kristin og Sindre

Bursdagsfeiring, og vi steikte karbonader mmmmmmmm

Så fekk eg ein nydeleg sang i bursdagssang av Ingrid og Thomas,
dama i midten kjenner eg ikkje namnet på.
Tusen takk!

Frå langhuset.
Eit utruleg flott hus. Detaljane og handarbeidet var
perfekt utført, blei ikkje trøytt av
å gå å sjå og oppdage nye ting.

Magnus tek ein krigsdans.

"Lille" Magnus er ein livleg kar,
og skravla stend ikkje lenge still i gongen.

Marte Kristin blei frustrert av teknomusikken
på nabogarden. Løysninga vart halm i øyrene.

Badenymfene i stampen.
Etter fleire timers fyring,
vart det endeleg så pass lonka att dei kunne gå oppi.

Grunna dårleg rygg valte Magnus å overnatte i langhuset.
 Han fekk seg ei madrass og så var det berre å krype opp i bingen
ilag med dei 16 andre som det var plass til her.

Pakkedag.
Telt og utstyr forsvant inn i dei etterkvart tungt lasta bilane,
og plassen låg tom tilbake.
Vi satser på at vi kjem oss hit neste år også.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar