Mitt lappeteppe,
det er samansatt av mange små bitar frå alle delar av livet.
Blir teppet lyst? Blir det mørkt? Er det i raude tonar, gult, melankolsk blått, i allefall ikkje svart.
Det kan ha bitar av grått, andre utvaska mønster og falma fargar.
Men det er desse bleike bitane som gjer at dei lyse og klare fargane blir endå meir skinande og glade!

Det er mitt lappverksliv.

mandag 9. august 2010

GUDVANGEN vikingmarked 2010

Klokka har bikka 7 om kvelden,
då har sola gått bak dei høge fjella for ein time sian.
Dei fleste har fått laga seg mat etter att markedet stengte seks.
Roa har senka seg for ein time eller to,
for kvelden er lang og mykje skal skje endå

Magnus blei den første prinsen til Vilja på markedet.
Og eit lite frieri frå vikingprinsessa: Magnus vil du gifte deg med meg?
Kva vil det sei då Vilja?
At vi snurra rundt vel!

Magnus gjekk på blankvåpenkurs.

Og eg kosa meg med keramikk med

Vilja.... ho dansa

Eine dagen var veret ikkje topp, og vi trengte litt ro.
Alle blei sitjande (utenom meg) å lese.

Vilja hadde ein forlystelse til...... å stikke av.
Kuren på det var band rundt magen, festa til mora.
Her saman med si samansvorne venninde
som hadde same lidenskapen.

Skeikampkurs.
Kvinnene blei oppfordra til å delta på dette kurset.
Var det menn som vilde delta, måtte dei fint stille i kjole,
Og der var ein del hanndamer.

Middag.
Den var det stort sett Marte Kristin som stod for.
Og den var god.

Årets vikingmarked blir hugsa for vindkasta.
Alle hang på telta sine.

Og fossen tok ny retning.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar