Mitt lappeteppe,
det er samansatt av mange små bitar frå alle delar av livet.
Blir teppet lyst? Blir det mørkt? Er det i raude tonar, gult, melankolsk blått, i allefall ikkje svart.
Det kan ha bitar av grått, andre utvaska mønster og falma fargar.
Men det er desse bleike bitane som gjer at dei lyse og klare fargane blir endå meir skinande og glade!

Det er mitt lappverksliv.

fredag 14. mai 2010

Lufta gjekk ut


Etter vi no vart ferdig med loppemarkedet i husflidslaget,
trur eg lufta gjekk ut.
Fekk tatt meg saman i går og vaska og rydda hus.
Dvs eg flytta alt rot frå stua til kjøkken og gang,
så er det påatt i dag.
Ein liten anna vaskejobb,
så må eg prøve å få gjort litt til med meg sjølv.
PHUUUU!

1 kommentar: