Mitt lappeteppe,
det er samansatt av mange små bitar frå alle delar av livet.
Blir teppet lyst? Blir det mørkt? Er det i raude tonar, gult, melankolsk blått, i allefall ikkje svart.
Det kan ha bitar av grått, andre utvaska mønster og falma fargar.
Men det er desse bleike bitane som gjer at dei lyse og klare fargane blir endå meir skinande og glade!

Det er mitt lappverksliv.

torsdag 18. mars 2010

Det som ikkje kjem i dag....

Vintaren har ei stor vom,
og vatnet veit kva veg det skal ta.
Dette er den vesle bekken ved huset vårt.
Er det regnver veks den litt,
men som dette er det minst 18 år siden sist.
Måtte ut og ta nokre bilder.
Under vegfyllinga gjeng det betongrør. og her er det godt trykk.
I desse høge straumpristider skulla eg starta vassverk.


Over og under:
Her har eg laga meg ei lita demning i hagen.
Ikkje større en det så vidt er ein liten sølepytt om sommaren,
og eg får skylt sandkassa til kattane no vinterstida.


Betongrøret har ikkje kjangs til å ta unna vatnet.


Innom huset, eit lite hav.

Stakkars blomstrane mine.
Tidleg å ta seg eit bad dette.

Snøklokkene  klamrar seg fast
så dei ikkje skal bli tatt av straumen.
Takka for å gå på fotojakt...
Trakka over kanten på fjellskoa i mold-depel.
Dette veret er det folk føretrekk framfor snø?
Eg blir mållaus.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar