Mitt lappeteppe,
det er samansatt av mange små bitar frå alle delar av livet.
Blir teppet lyst? Blir det mørkt? Er det i raude tonar, gult, melankolsk blått, i allefall ikkje svart.
Det kan ha bitar av grått, andre utvaska mønster og falma fargar.
Men det er desse bleike bitane som gjer at dei lyse og klare fargane blir endå meir skinande og glade!

Det er mitt lappverksliv.

tirsdag 14. april 2009

Vårreingjering

Utgangspungtet er som forventa, tragisk....

Etter fleire timar med hagesaks, rive, kost og ikkje minst høgtrykken
så er det berre å vente på våren og varmen......

slik at eg får putte dei små spirane i gjorda,
og att dei gleder meg med mange blomar.


Men morgondagen (eller overmorgå) gir meg meir å henge fingrane i.
Her får eg sikkert eit heilt dagsverk før eg er ferdig.
Og masse god skit under neglane.




1 kommentar:

  1. Gleder meg til å komme på kaffibesøk og nyyyyyte vårsola på uteplassen din ;)

    Så flink du er!

    SvarSlett