Mitt lappeteppe,
det er samansatt av mange små bitar frå alle delar av livet.
Blir teppet lyst? Blir det mørkt? Er det i raude tonar, gult, melankolsk blått, i allefall ikkje svart.
Det kan ha bitar av grått, andre utvaska mønster og falma fargar.
Men det er desse bleike bitane som gjer at dei lyse og klare fargane blir endå meir skinande og glade!

Det er mitt lappverksliv.

tirsdag 21. april 2009

Stakkars PUS

Stakkars pus, ho har fått pupper som er hovne som store plommer.
Så i morgon har vi fått time med dyrlegen, og håper på at det held med ein antibiotikakur.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar