Mitt lappeteppe,
det er samansatt av mange små bitar frå alle delar av livet.
Blir teppet lyst? Blir det mørkt? Er det i raude tonar, gult, melankolsk blått, i allefall ikkje svart.
Det kan ha bitar av grått, andre utvaska mønster og falma fargar.
Men det er desse bleike bitane som gjer at dei lyse og klare fargane blir endå meir skinande og glade!

Det er mitt lappverksliv.

fredag 17. april 2009

Ein driftig dag

På formiddagen sydde eg denne veska. Skal bruke ho på vikingmarkeda til å ha mat i og anna ting og tang som ellers ligg i plastnett. Noko som er Fy, Fy!
Størrelsen er som eit vednett, så den rommer ein del.
Har sydd i handtak som er skult innvendig.


Ettermiddagen blei konsentrert om hagen igjen. Her har eg fått rydda benkane eg sår frø i, og bedda fekk og ei overhaling.
Det som stend att no er tynnene med jordbær som eg må lage nye i år.

Frå 20.30 til 22.00 er det full trim på Laindancen,
kjempekjekt

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar