Mitt lappeteppe,
det er samansatt av mange små bitar frå alle delar av livet.
Blir teppet lyst? Blir det mørkt? Er det i raude tonar, gult, melankolsk blått, i allefall ikkje svart.
Det kan ha bitar av grått, andre utvaska mønster og falma fargar.
Men det er desse bleike bitane som gjer at dei lyse og klare fargane blir endå meir skinande og glade!

Det er mitt lappverksliv.

søndag 22. juli 2012

Linns veske

 Linn bestilte seg 
HANDARBEIDSVESKE.
Og fekk dykke i stoffdongen 
å plukke ut det ho vilde ha.
Trur vi har lik smak, for stoffet kjøpte eg
for sy meg ei veske av, noko som aldrig blei noko av.
Bra det no har komt i gode ivrige 
handarbeidshender.

 Jaggu det stend hakkekrokane hennar
heilt i stil med stoffet.
Tøft!

 Godt med lommer inne i veska og.


Lykkelege Linn!
Gratulerer, og slit veska med helsa.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar