Mitt lappeteppe,
det er samansatt av mange små bitar frå alle delar av livet.
Blir teppet lyst? Blir det mørkt? Er det i raude tonar, gult, melankolsk blått, i allefall ikkje svart.
Det kan ha bitar av grått, andre utvaska mønster og falma fargar.
Men det er desse bleike bitane som gjer at dei lyse og klare fargane blir endå meir skinande og glade!

Det er mitt lappverksliv.

tirsdag 23. august 2011

Trim og åndeleg føde


Kva får ein ut av ein trimtur, ein augustkveld?

JAU:


Vakre blomar,


sopp,


årets einebær,


meir sopp,
som eg IKKJE vil ete,







skyggen av ein amatør,


søppel,


ein hauglagt viking,


hestelort,


kronglevoren selje,


kjølen frå åttringen hass far,
dette er det som er att etter natta til 01.01.1992,


og... nokon har mista hovudet.
Så det tek eg med meg i lomma,
då har eg noko å bytte på om eg treng.

Altså, ein times gange, med mange fotopausar
gir åndeleg føde og litt trim :-D 

3 kommentarer:

  1. Du verden, Inger-Lise. Du finn skattar på din veg :) Nydelege bilder.

    SvarSlett
  2. Du har virkelig "auge" for motiva du :-)

    SvarSlett
  3. Kjempe flotte bilder :-).

    SvarSlett