Mitt lappeteppe,
det er samansatt av mange små bitar frå alle delar av livet.
Blir teppet lyst? Blir det mørkt? Er det i raude tonar, gult, melankolsk blått, i allefall ikkje svart.
Det kan ha bitar av grått, andre utvaska mønster og falma fargar.
Men det er desse bleike bitane som gjer at dei lyse og klare fargane blir endå meir skinande og glade!

Det er mitt lappverksliv.

onsdag 16. februar 2011

Scrappingtreff på Hildre

Fredag 11. feb, kl 18.00 til 24.00
Laurdag 12. feb, kl 10.00 til 02.00 søndag

KJEMPEKJEKT

11 screpper samla rundt borda på Hildre kulturhus.
Og det er ikkje mykje av bordplatene som synest.

Egentleg mangler det ikkje så mykje trur eg!!?

Laurdag måtte vi ha eit lite avbrekk med pizza.
Ellers var det kaker og kaffi å få.

Oppbevaring.
Frå fult kaos til systematikk.
Eg var heldig og vant ei oppbevaringsboks,
gitt av Familieminner,
i utloddninga under treffet.

Litt av det som blei skapt under treffet!

Takk til damene som sette dette i sving,
og gleder meg til neste gong (september?)

1 kommentar: