Mitt lappeteppe,
det er samansatt av mange små bitar frå alle delar av livet.
Blir teppet lyst? Blir det mørkt? Er det i raude tonar, gult, melankolsk blått, i allefall ikkje svart.
Det kan ha bitar av grått, andre utvaska mønster og falma fargar.
Men det er desse bleike bitane som gjer at dei lyse og klare fargane blir endå meir skinande og glade!

Det er mitt lappverksliv.

mandag 22. juni 2009

Badelivet i juni


Petter Andreas har nok arva litt frå "filletanta", han berre ELSKA å bade. Det måtte til mykje overtaling forå få han opp av sjøen, noko som virka kjendt. Hmmm?




Herleg badever, å det er i juni, før jonsok! Vel rundt sjuårsalderen låg eg i sjøen frå juni og minst ut august.
Eg var den første som var komen i sjøen om formiddagen og var ikkje på land før mor henta meg, lenge etter att alle andre var heimattfarne. Vel, eg får seie det slik at eg bada frå meg som onge, for slik er det ikkje no.











So tidleg på sommaren er det eit yrande liv i sjøkanten. Vi fant masse småfisk og reker.

Kor mange fisker får vi her!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar